Artikler

Informasjon om kammerkoret

Vart starta i 2004 med Bodil Kvernenes Nørsett som dirigent. Tilknytta Kristiansand Frikirke har koret gjennom åra sunge jamnleg på gudstenester her, og i tillegg produsert konsertar med eit variert og allsidig repertoar i Kristiansand og på Agder. Koret har gjennom åra hatt med ulike musikarar og solistar på konsertar, som saxofonist Petter Wettre, Kristiansand Strykekvartett, pianist Runar Nørsett, og songarar som Marianne Juvik Sæbø, Anne Karin Kaasa, Sveinung Hølmebakk og Kristina Jølstad Moi for å nevne nokre.

Kammerkoret har arrangert workshop med a capella-gruppa The Real Group og julekonsertar med vokalgruppa Pust og Hanne Krogh, og konsert med Bærum Vokalensemble. Koret har også delteke i mange store klassiske kor-samarbeidsprosjekt i Kristiansand, mellom anna Rutters Requiem dirigert av John Rutter sjølv, Verdis Requiem med Kristiansand Symfoniorkester (KSO) og Terje Kvam, og oppsetningar med Händels Messias og Juleoratoriet av J.S.Bach i Kristiansand Domkirke. Dei var med som korsongarar på den store opningskonserten med symfoniorkesteret i Kilden Teater- og konserthus i desember 2012, og dei har framført Duke Ellington sin Sacred Consert med både Søgne Messingensemble og Christiansand Storband. Våren 2016 song koret Messa di Gloria saman med KSO, Mandal Kantori og Kristiansand Operakor i konsertsalen i Kilden, og våren 2017 skal me synge Mozart si C-mollmesse same stad med KSO, Kristiansand Solistensemble og Operakoret.

Saman med Kristina Jølstad Moi gav koret i 2016 ut plata ”Alle dine veier”, ei Pilegrimsmesse av Anne Kristin Aasmundtveit og Jon Kleveland.

Kammerkoret består av omlag 20 gode amatørsongarar med lang korerfaring, som stadig søkjer å utvikle seg og framføre allsidig kormusikk med høg kvalitet. 

 

> Med venleg helsing
> Bodil Kvernenes Nørsett
> Kristins vei 34
> 4633 Kristiansand
> Mob: +4799797152
 mail: bodilknrz@me.com

Ansvarspersoner

Bodil Kvernenes Nørsett
Dirigent Kammerkoret